
Operalåven i Hallingdal
- musikalske opplevingar i eit staseleg gardstun!
Operalåven tilbyr
-
Konsertar og framsyningar
Sjå det komande programmet i Operalåven og les meir om arrangementa.
-
Utleige av lokale
Operalåven leiger ut lokale til alle anledningar. Bryllaup, konfirmasjonar, feiringar og møter.
Sommaropera i gardstunet
Kvar sommar arrangerast det opera på tunet ved låven. "Sommaropera" er ei utandørs framsyning med nokre av dei beste operasolistane i landet på scena. Framsyninga er sett saman av solistane sine favorittstykker frå opera og operette,
og laga til som ei ny historie.
Kva får me då?
Eit lettfatteleg show smekkfullt av musikalske perler! Soleis passar framsyninga ekstra godt for deg som ikke har vore på opera tidlegare, medan dei meir drevne bland publikum kan kjenne igjen utdraga og oppleve dei i ein ny samanhang. Før framsyningane kan publikum nyte lokal mat og drikke, og sjå utstillinga av gamle ting på låven.
Operalåven er støtta av mellom anna Kulturdirektoratet, Buskerud fylkeskommune, Ål kommune, Fond for utøvande kunstnarar, Einar Juels legat og Sparebankstiftelsen Hallingdal.