Sommaropera!

Laurdag 27.juni kl 13 og 18

Opera midt i naturen!

For 8. år på rad ynskjer me velkomen til utandørs Sommaropera på Sehl.
Publikum sit i tunet, og får servert musikalske høgdepunkt frå opera og operette brodert inn i ei lokal historie der humor og høge tonar går hand i hand. Framsyninga høver for heile familien, og er i år særskilt høveleg for born!

Det er 2 framsyningar: kl 13.00 og kl 18.00.
Området opnar 2 timer før. Sal av mat og drikke. Publikum sit under open himmel og må kle seg etter vêret.

Området har noko begrensa parkering, samkøyring er tilrådd. Publikum kan ha med eigne stolar eller teppe til å sitja på i grasbakken. Eit felt med stolar nær scena er tilgjengeleg for dei som vil sitja på flatmark.

Solistar: Mariann Fjeld-Solberg, Marit Sehl, Markus Bjørlykke og Jørgen Magnus Komani Haslum. Piano: Monica Tomescu-Rohde.


Manus og regi ved Marit Sehl.

Juli-desember

Programmet for andre halvår av 2026 er klart! Merk av datoar - billettsal opnar snart



Kjøp billettar

Billettar til alle våre framsyningar kan kjøpast direkte i skranken på Ål kulturhus, eller på heimesida til Ål kulturhus. Der kan du og kjøpe gåvekort til framsyningar i Operalåven.

Hugs at vi har gratis inngang for barn og ungdom t.o.m 21 år!